Oppdatering novemeber.

Har ikkje vorte så mykje tid til å driva med målretta design etter eg starta å studera igjen, går framleis rundt med skisseboka i sekken kvar einaste dag, skrive ned alle idear og innfall når di kjem, droddle masse på bussen og i telefonen. Samle inspirasjon og utklipp frå bøker, aviser og over alt. Fotografere ganske mykje også, har berre dumpa alt inn på harddisken til sortering i juleferien.

Ganske mange innleveringar som skal inn i desember, snart ferdig med sju veker i praksis. Det er skikkeleg givande å lære mange nye ting kvar dag, dynamisk og flott kvardag. Det er også ganske mange praktiske erfaringar som falle på plass eller blir sett i nytt ljos når teorien er på plass, synest det er interessant at eg har lært så mykje på berre 4 månader. Samstundes er det ganske krevjande å gå rett til lesesalen etter barnehagen, men det må til.

Eg laga ein collage laurdag 02.11.12.


– Fønn