Kjapp oppdatering: April

Har som mål å blogga litt oftare, dela litt meir av kva som skjer i livet mitt. Er meir opptatt med å leva livet enn å skrive om det, blir litt lite aktivitet her ser eg. Når eg er ferdig med oppdrag, prosjekter og kreativt droddel er eg meir interessert i å treffe venner, trena og lesa bøker.

Eg har siden eg gjekk ut av NKF drevet med freelance, det har vore ein lærerik prosess. Ganske spennande å drive eit lite firma, har også søkt på mange jobbar. Nå prøver eg ut praksisplass vegen, er optimistisk. Det er kanskje ikkje noe hemmelig at bransjen er metta for kompetanse, etterspørselen er mindre enn folk med utdanninga, derfor er det viktig å tenka litt annleis. Skapa seg arbeid, bygga nettverk og kontaktar. Sjå etter oppdrag i utlandet er noe eg har vurdert, det er eit hav av moglegheita. Eg produserer mye stoff, eg kunne vore flinkare til å legga ting ut.

Legger ut basketball logoen i snart.

– Inga Fønn