visuelt interessant #1 – litt annleis tannbørste

Det er den tida igjen, du skal kjøpa deg ny tannbørste slik at du kan drive med berekraftig tannhygiene framover.


Moglegheita er overeldane, tannbørsten som skal gje kvite tenner, den som seie i frå når du pusse for hardt og den vanlege heterogene tannbørsten. Men så har du tannbørsten som pusse 360 grader? Med eller utan tunge-børste, den elektriske, den elektriske som spele songar, den som er tilpassa for baby, småborn, born, tweens, tenåringar, unge vaksne og moglegvis finnest det senior tannbørstar for deg som kun har eit par tenner igjen? Marknaden er stappfullt av produkt skreddarsydd til akkurat deg og behova du verkeleg ikkje ante du hadde.

Her er tannbørsten som gjer narr av tannhygiene ved å fremme søtsaker, sukker, muffins og diabetes ved hjelp av den heilage krafta til rosa og glitter.

– Fønn

Oppdatering novemeber.

Har ikkje vorte så mykje tid til å driva med målretta design etter eg starta å studera igjen, går framleis rundt med skisseboka i sekken kvar einaste dag, skrive ned alle idear og innfall når di kjem, droddle masse på bussen og i telefonen. Samle inspirasjon og utklipp frå bøker, aviser og over alt. Fotografere ganske mykje også, har berre dumpa alt inn på harddisken til sortering i juleferien.

Ganske mange innleveringar som skal inn i desember, snart ferdig med sju veker i praksis. Det er skikkeleg givande å lære mange nye ting kvar dag, dynamisk og flott kvardag. Det er også ganske mange praktiske erfaringar som falle på plass eller blir sett i nytt ljos når teorien er på plass, synest det er interessant at eg har lært så mykje på berre 4 månader. Samstundes er det ganske krevjande å gå rett til lesesalen etter barnehagen, men det må til.

Eg laga ein collage laurdag 02.11.12.


– Fønn