Kreativ melon.

Eg starte alltid dagen med presskannekaffi og tumblr feed, det er godt med lett surfing, kaffi og inspirasjon mens motoren starte. Noen ting blir lagra i inspirasjons mappa mi, andre blir skrevet ut og limt inn i inspirasjonsboka mi. Men av og til er det ting som treffe meg litt lengre enn det, eg finner det såpass genialt at eg bare MÅ prøva sjølv.

Her om dagen ramla eg over ein fantastisk melon.

Her er resultatet.


Først kjøpte eg ein melon.


Så skjærte eg melona i to delar, fjerna fruktkjøttet og fraus det ned til smoothie bruk. Brukte ei stor salatskje, melonsafta putta eg i ei lita krukke. Den kvite kluten er til å dra opp melona lettare frå bolla, og eventuelt ta i mot fukt om det skulle skje noe i kjøleskapet.

Så kokte eg opp jordbærgelé, brukte noe av melonsafta i staden for vatn for å gi smak. Satt den inn i kjøleskapet for natta, tar ca 6-8 timar å stivna.

Ferdig!

Det går ann å eta den slik, men det er ikkje like gøy som.


Å eta den slik!

Så kan du skjæra melona opp i mange små delar, passer fint til barneselskap og til heile familien. Men vist du er ekstremt harry kan du laga spritgelémelon, er du harry?

Detta kan også bli gjort med mange andre typar frukt og gelefargar, eg har fått mange kule idèar ^_^

Detta var gøy!

– Fønn

Leave a Reply